Heihei! Eg veit at dette er ein gammal tråd, men eg håper likevel at der er nokon som kan komme med gode innspel til meg, alikavel. Eg treng litt tips til valg av emne til bacheloroppgåva mi.. Valget står mellom å skrive om noko stomirelatert, noko som eg synest er veldig spennande, og eg trur eg kan finne mykje stoff om dette emnet. Eg kan også tenke meg å skrive noke som er relatert til åndelig omsorg i sjukepleia. Dette emnet trur eg ikkje at eg kan finne så mykje fagstoff på, og eg kan kanskje lett bevege meg litt bort frå sjukepleierollen, og helle meir til det personlege plan..Samstundes synest eg at dette virkar som eit spennande tema, og eit neglisjert område i sjukepleien.
Nokon som har noko innspel på kva eg bør velge? Vi må levere inn prosjektplan like over sommaren, så det kan vere greit å gjere seg opp litt tankar før ferien..